STRIME, dikt, Samlaget 1969.


Tre dikt frå boka:

Bestemor mi skreiv bøker
Ho drøymde alltid at eg skulle gjere det same
Men eg laut venta til eg hadde fått meg skrivemaskin
No er bestemor daud
Eg har fått skrivemaskinen hennar

***

I staden for å svikta kvarandre
gjekk dei hand i hand til dei rotna

Låg ein morgon og skvalpa i fjøra
som to daude, fillete manetar

***

Vi druknar oss saman
sa han
Du først
sa ho
Sidan rodde ho båten heim


Bestemor mi, det var Villa Thrap Wahl, som skreiv dikt og forteljingar, blant andre ”Oslovår” som kom ut i 1945, og ”Gammel dame i liten by”. Men først og fremst skreiv ho kryssordbøker, blant anna Kryssordkjempen. Ho hadde alltid lange strimer med ord liggjande, det var både elvar og byar og synonym og antonym. Ho døydde året før Strime kom ut. For denne boka fekk eg Tarjei Vesaas sin debutantpris.

Kritikarane skreiv:

”På grunn av sin klare og enkle stil, uten stilistisk tilgjort ”Mesterskap”, fordi de fleste diktene er rene og nakne, blir dette en diktsamling de store kulturpampene ikke øyeblikkelig slår benene i taket for, slik de gjør når de store, falske bygdegeniene lander som stolte ørner på parnasset. Den har en moden tone som setter den over de fleste norske debutsamlinger,…”

Gunnar Staalesen i Bergens Arbeiderblad

”Han har tydeligvis en infernalsk glede av å være ironisk, samtidig som han lager formuleringer som en vakker dag kan bli ordspråk (om de da ikke alt er det rundt omkring: ”Det er draumane som held menneska oppe, sa mannen, han hengde seg.”

Jan Askelund i Stavanger Aftenblad