KOM OG SJÅ MEG LEVA, roman, Samlaget 1971

(av Rune Lie)

Konsulentvurderingar:

”Dette er det vanskegaste manuskript eg nokon gang har hatt til gjennomlesing. Noko medansvar for utgiving eller ikkje utgiving tør eg ikkje ta, berre prøve å gi att mitt inntrykk av det. Som er temmeleg forvirra, stort sett at dette er:

- Bitvis uvanleg ufyseleg (detaljert skildring av samleie mellom menn, som attpåtil pissar på kvarandre midt under akta)
- Bitvis på grensa til det heilt store, tett og intens tids- og miljøskildring og sjølvanalyse
- Farleg (i vår narkotika-tid)
- Umodent og stundom unødig provoserande
- Samtidig og på somme vis uvanleg modent, av ein 22-åring
- Slurvet og rotet, truleg eit hastverksarbeid
- Samtidig fast komponert, tilfeldig eller medvite

UVANLEG talentfullt…”


Halldis Moren Vesaas

Eg vart kalla inn til eit hastemøte i forlaget. Hastemøtet viste seg å vere eit sensurmøte med forlagssjef Johs. Aanderaa og konsulent/forfattar Paal-Helge Haugen. Forlagssjefen opplyste at styreformann (og forfattar) Sigmund Skard ville gå av viss Samlaget gav ut denne boka. Dei to ba meg gjere forandringar i manus slik at styreformannen roa seg. Det gjorde eg, og forlagssjefen var fornøgd.

Kritikarane skreiv:

”Det er no ikkje lenger grunn til å jatte med progressive litterære krinsar i deira strev etter å sjokkere borgarskapet. Det bør seiast kraftig ifrå at slikt språk ikkje høyrer heime i seriøs litteratur i ein kulturkrins som byggjer på kristne grunnverdiar”

Dag Aanderaa i Aftenposten under overskrifta ”Litterær gris”.

”Hans kjønns- og fornedrings-Odysse er så rasande dyktig gjort at romanen er sjølvlysande denne hausten.”

Ola Jonsmoen i Norsk Tidend